Aktivitet 5.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva viser eit resultatbudsjett? Eit resultatbudsjett viser kva resultat – overskot eller underskot – verksemda planlegg i ein periode. Derfor kallar vi eit resultatbudsjett også for ein framtidsrekneskap.
  2. Kva for eit tidsperspektiv snakkar vi om når vi lagar eit langtidsbudsjett i ei verksemd? Eit langtidsbudsjett er eit budsjett for fleire år framover, til dømes for dei nærmaste fem åra.
  3. Kva for eit tidsperspektiv snakkar vi om når vi lagar eit korttidsbudsjett? Eit korttidsbudsjett gjeld gjerne for eitt år og er som regel delt inn i periodar, ofte i månader.
  4. Kva er utgifter? Gi døme. Utgifter har du når du betaler rekningar, til dømes når du kjøper varer, råvarer, maskinar, bilar og anna som verksemda treng.
  5. Kva er kostnader? Gi døme. Kostnader er forbruk av ressursar målt i pengar.