Omgrepstesting
Digre har drive med transport sidan 1937. Selskapet har 65 lastebilar og 40 tilsette og held til på Støren i Sør-Trøndelag. Nedanfor gir vi ei skildring av selskapet og haldningane selskapet har til kundane sine. Avgjer kva for ord som typisk har med service å gjere.
Hos Digre Transport er ingen transportoppdrag for store eller for små. Ein stor lastebilpark, trufaste kundar og solide samarbeidspartnarar har medverka til at transportselskapet stadig veks.
Ein av kundane, Nordtekstil, seier: «Vi har benyttet oss av kompetansen hos Digre Transport i en årrekke og setter pris på deres fleksibilitet. De ulike oppdragene blir utført til avtalt tid og pris.»
Dagleg leiar i Digre Transport, Øystein Digre seier: «Mye av hemmeligheten bak vår suksess tror jeg ligger i kommunikasjonen vi har med våre kunder og medarbeidere. Vi lever av å levere og strekker oss langt for å tilfredsstille kundenes ulike behov.»
Med kundar spreidde over heile landet kan det bli utfordringar no og da. Da er det ifølgje Digre sjølv berre å brette opp ermane og bidra som problemløysar.
Digre held fram: «Vårt største fortrinn er nok stabiliteten i bedriften. Sjåførene er voksne, imøtekommende og med samme mål. Vi er opptatt av å gjøre det vi kan best og være behjelpelige.» Han fortel vidare at transportrutene blir nytta både av næringsliv og private. Med god kjennskap til bransjen kan dei raskt vere på pletten med leveransane som folk treng.