Aktivitet 3.1.17 – Revisjon

Diskusjon

  1. Kva fordelar ser de i at ei verksemd gjennomfører fast kontroll eller sjekk (revisjon) av alle sikkerheitsrutinane sine?
  2. Kva tenkjer de at den sikkerheitsansvarlege bør gjere dersom kontrollen avdekkjer at enkelte sikkerheitsrutinar ikkje fungerer slik det er tenkt, og ikkje bidreg til å auke sikkerheita?
  3. Kvifor trur de at styresmaktene krev at bedrifta kan dokumentere at dei faktisk gjennomfører kontroll (internkontroll) av sikkerheitsrutinane dei har innført?
  4. Kva trur de ville skjedd dersom ei verksemd lèt som om dei har gjennomført sikkerheitsrutinar, men der Arbeidstilsynet gjennom sin eigen inspeksjon oppdagar at dei slett ikkje eksisterer?
  5. Kva for hendingar knytte til sikkerheit trur de tilsette i ei verksemd som juksar med sikkerheita, kan bli utsette for?