Aktivitet 6.3.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Alle rekneskapar startar med å føre inn ein inngåande balanse. Kva viser balansen i ein rekneskap? Balansen viser kva eigedelar verksemda har, og kvar ho har skaffa pengane frå.
  2. Kva er ei balanselikning? Eigedelar = Eigenkapital + gjeld
  3. Kan du komme med nokre døme på eigedelar? Til dømes kontantar, varelager, inventar
  4. Forklar kva eigenkapital er. Eigenkapital er dei verdiane eigarane sjølve tilfører verksemda.
  5. Kva kan ei gjeld vere? Til dømes lån av foreldre, venner eller bank
  6. Vi seier at rekneskapsarbeidet består av tre punkt. Kva punkt er det? 1. Opne kontoane – 2. Postere vedlegg – 3. Avslutte kontoane
  7. Når vi avsluttar ein rekneskap, blir alle postane førte inn i råbalansen. Kva er råbalanse? Råbalanse er inngåande balanse pluss posteringane i perioden. Ein summerer kontoane til linja for råbalanse i rekneskapen. Råbalansen gjer det lettare å finne ny utgåande balanse.
  8. Kva for kontoar skal avsluttast mot resultat? Alle inntekts- og kostnadskontoane skal avsluttast mot resultat.
  9. Kva for kontoar skal avsluttast mot balanse? Kontoar for eigedelar, gjeld og eigenkapital skal avsluttast mot balansen.
  10. Kva er skilnaden på inngåande og utgåande balanse? Inngåande balanse bruker vi når vi opnar kontoane. Utgåande balanse er når vi avsluttar kontoane.
  11. Kva er ein kontoplan? Kontoplanen inneheld ei oversikt over alle kontoane med kontonummer, som blir brukte i ein rekneskap.