Aktivitet 1.4.2 – Bilder på internett

Fordjuping

Du kan ikkje utan vidare bruke bilete du finn på nett. Du må ha fått lov av fotografen til å bruke bileta. Det vanlegaste er da at fotografen har merkt bileta med CC-lisens. Men kvar finn vi slike bilete?

Flickr.com er ein nettstad der folk som er glade i å fotografere, kan leggje ut bileta sine. Nokre publiserer bilete med ©, slik at vi kan få sjå på vakre motiv. Andre legg ut bilete med CC-lisens, slik at vi også kan bruke bileta deira. Du treng ikkje opprette brukar på Flickr for å søkje etter bilete. Skriv eit søkjeord i søkjefeltet og sjå kva som dukkar opp. Du får fleire treff dersom du bruker engelske søkjeord.

Klikk på eitt av bileta du finn på Flickr.com. Under biletet til venstre ser du namnet til fotografen. Dette kan vere eit nick, men namnet er klikkbart og leier deg til meir informasjon om fotografen.

Under biletet til høgre finn du informasjon om lisensiering. Det kan stå © og «All rights reserved». Da kan du berre nyte biletet der det er. Men det kan stå «Some rights reserved» og nokre symbol. Biletet har da ein CC-lisens, og symbola fortel oss kva vi har lov til.

Dei ulike symbola finn du på side 210 i oppgåvesamlinga.

Det er tungvint å leite gjennom mange bilete for å finne nokre med CC-lisens blant alle ©-bileta. Derfor går du øvst til venstre på søkjesida (sida som viser alle treffa du fekk på søkjeordet) og klikkar på pila ved «Any lisence», og der vel du til dømes All creative commons eller ein av dei andre lisensane.

Det finst fleire nettstader som har CC-lisensierte bilete. Her er nokre du kan prøve:

Elles kan det vere vanskeleg å finne informasjon om lisensar på mange nettsider. Hugs at når du gjer biletsøk på Google, må du gå til kvar enkelt biletside for å finne slik informasjon.

Lag ein biletpresentasjon med eit tema du sjølv vel. Pass på å setje rett kreditering under bileta du bruker.