Fordjuping
Du skal lage eit månadsbudsjett for Per, vennen din. Han reknar med å ha desse inntektene og utgiftene i desember.
| Han hjelper bestemor med å handle og får betalt for det per månad | 500,00 |
| Han jobbar annakvar veke i butikk og får utbetalt 12. i kvar månad | 2300,00 |
| Stipend frå Lånekassa | 800,00 |
| Per har moped og bruker per månad bensin for om lag | 300,00 |
| Han har mobil og betaler per månad | 190,00 |
| Per er glad i godteri og bruker ein del på det | 500,00 |
| Han kjøper mat i kantina på skolen kvar dag. Per dag kr 49,00. Kva blir det per månad? | ? |
| Resten av inntektene går til diverse utgifter, mellom anna julegåver. | ? |