Aktivitet 1.4.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kor gammal må du vere for å få lov til å etablere ei verksemd? Du må vere 18 år.
  2. Finst det unntak frå denne regelen? Du kan etablere eit enkeltpersonføretak når du er 15 år, men da må ein av foreldra dine stå ansvarleg, og Fylkesmannen må godkjenne det.
  3. Kva for ei lov bestemmer kva du kan kalle verksemda di? Føretaksnamnelova.
  4. Kva gjer ein autorisert rekneskapsførar? Han har lov til å ta på seg rekneskapsoppdrag som ekstern rekneskapsførar. Det vil seie at han kan føre rekneskapen til eitt eller fleire selskap der han sjølv ikkje er tilsett.
  5. Kva betyr det å vere rekneskapspliktig? Å vere rekneskapspliktig betyr at du må sende inn årsrekneskapen din til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund.
  6. Kva gjer ein revisor? Ein revisor kontrollerer at årsrekneskapen til bedrifter er rett. Ein revisor kan også rettleie og gi råd innanfor økonomi.
  7. Kva for avgrensingar har ein revisor ifølgje revisorlova? Ein revisor må ikkje ha økonomiske interesser i verksemda, må ikkje vere i familie med nokon i verksemda eller ha andre interesser i verksemda, ifølgje revisorlova.
  8. Kor mykje har du lov til å tene på hobbyen din før du må registrere han som verksemd? Inntil kr 50 000.