Aktivitet 7.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er ein linjeorganisasjon? Organisasjonen/bedrifta er delt inn i avdelingar med leiarar på ulike nivå.
  2. Kva fordelar er det med ei slik organisasjonsform med få tilsette? Leiaren har direkte kontakt med alle dei tilsette og kan bestemme kven som skal gjere kva. Det gir leiaren god kontroll og høve til å halde seg orientert om alt som skjer i verksemda. Dei tilsette er saman om fleire av arbeidsoppgåvene og kan lett overlappe kvarandre. Dei får eit tettare samarbeid, og dei får breiare kompetanse. Alle kan «litt om alt». Den tette kontakten gjer slike verksemder fleksible og omstillingsdyktige.
  3. Kva er kontrollspenn? Kontrollspennet er talet på dei personane som er direkte underlagde ein leiar.
  4. Kva vil det seie å delegere? Å delegere vil seie å overføre myndigheit.
  5. Kva funksjon har staben i ein linje- og stabsorganisasjon? Ei stabsavdeling skal vere rådgivande og yte service til resten av organisasjonen. Det vil seie at avdelinga berre skal gi råd, ikkje ordrar. Dei tilsette i stabsavdelingar har likevel makt fordi dei har nær kontakt med den øvste leiinga, og dei har kunnskap som er viktig for alle i verksemda. Staben er plassert på sida. Det viser at dei ikkje kan gi ordrar til nokon, verken oppover eller nedover i organisasjonen.
  6. Kva fordelar er det for Matboksen UB at dei organiserer seg som linjeorganisasjon? Alle har berre éin overordna. Da unngår dei frustrasjon og forvirring som lett oppstår dersom dei tek imot ordrar frå fleire. Dei har også sine klare arbeidsområde.
  7. Kva ulemper er det? Ulempene er at det ikkje er så lett å hjelpe kvarandre fordi dei har ulike avdelingar. Det kan også verke tungvint og tidkrevjande å følgje kommandolinjene dersom det er noko ein av dei ønskjer å diskutere eller ta opp.
  8. Kva er ein prosjektorganisasjon? Det er ei gruppe tilsette som skal jobbe saman med eit prosjekt over ei viss tid. Den faste organisasjonsstrukturen blir løyst opp for ein periode.
  9. Kan du komme med døme på når det er behov for ein prosjektorganisasjon? Når verksemder får oppdrag som krev kompetanse frå ulike avdelingar, til dømes når Matboksen skal delta på fylkesmessa.
  10. Kva fordelar har ein prosjektorganisasjon? Verksemda får samla og brukt kompetansen i organisasjonen til å løyse viktige oppgåver på ein effektiv måte. Fleire av dei tilsette får vere med på noko nytt og spennande og får slik ein breiare kompetanse.
  11. Kva ulemper har ein prosjektorganisasjon? For dei som er med i prosjektgruppa, er det ofte høgt tidspress, og det blir ei meirbelastning på dei andre i verksemda.
  12. Kva er teamorganisering? Teamorganisering er å danne team, løyse opp team, lage nye team, alt etter dei arbeidsoppdraga som skal løysast.
  13. Kvifor ønskjer mange av arbeidssøkjarane i dag å jobbe innanfor ein teamorganisasjon? Det gir rom for kreativitet og variasjon.
  14. Kva er skilnaden på ei prosjektorganisering og ei teamorganisering? Skilnaden er at i ein prosjektorganisasjon held ein på den faste organisasjonen. Når det gjeld teamorganisering er det ingen fast struktur, ho er dynamisk, dvs. ho endrar seg heile tida.
  15. Kva krevst av ein leiar ved teamorganisering? Leiaren må ha tiltru til dei tilsette fordi det er vanskeleg å ha kontroll.