Aktivitet 1.1.2 – Søk på sider og i dokumenter

Problemløysing

Tekstbehandlingsprogram har eigne søkjefunksjonar. Opne eit dokument i Word, Pages eller Google dokument: Leit i menyen til du finn eit val som heiter «Finn» eller «Finn og erstatt». Dersom du skriv inn eit søkjeord eller ein søkjestreng her, leiter han opp alle førekomstane av ordet. Her er jokerteiknet særleg nyttig. Du kan gjere det same på ei nettside. Dei fleste nettlesarane har valet «Finn» i ein av menyane. Denne funksjonen finn alle førekomstane av eit ord på nettsida. Du skal finne informasjon om norsk reiseliv og verdiskaping, og du har funne denne artikkelen: «Innovasjon Norge Reiselivsstrategi 2014–2020». For å finne det som står om verdiskaping i dokumentet, gjer du slik: Leit i menyane til du finn valet «Finn». Klikk her og du vil no få opp ein dialogboks der du kan skrive inn søkjestrengen din. Skriv verdi i søkjefeltet. Kor mange treff får du? Bla mellom dei ulike treffa ved hjelp av pilene til høgre. Dersom du vil sortere betre, kan du endre søkjestrengen til verdiskap. Kva skjer med mengda av treff? Kva treff vart borte? Legg merke til at jokerteiknet ikkje fungerer i denne nettlesaren – det er nok å skrive delar av ord. Prøv dette i andre nettlesarar og i tekstdokument.

www.innovasjonnorge.no

Tips:

Skal du levere ei oppgåve på skolen, og du veit med deg sjølv at det er eit ord du ofte skriv feil? Bruk søk-funksjonen i tekstbehandlaren, søk på det feilskrivne ordet og bruk erstatt til å rette alle førekomstane.