Aktivitet 4.3.3 – Etisk dilemma: Å stjele fra arbeidsgiver

Diskusjon

Problemstilling

Du er god venn med ei jente som er ekstrahjelp i ein elektronikkbutikk. Ein dag trur ho seg til deg og ber om råd om kva ho skal gjere. Ho seier at ho av og til er aleine i butikken mens sjefen har matpause. No har kjærasten hennar begynt å mase om at ho skal fikse ein gratis mobiltelefon til han. Han har føreslått at når ho er aleine i butikken, skal han komme inn og late som han er ein vanleg kunde som vil kjøpe ein smarttelefon. Når han har bestemt seg, skal kjærasten berre late som ho slår handelen inn på kassa. Han seier at det er mange som gjer slikt, og at det er heilt utan risiko for å bli teken. No lurer vennen din på kva ho skal gjere!

Diskuter dilemmaet og svar på desse spørsmåla:

  • Kva dreier dette seg om i eit moralsk og etisk perspektiv?
  • Kva vil du råde jenta til?
  • Kva synest du om kjærasten til jenta?