Aktivitet 11.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva typar krav kan kjøparen setje fram ved forseinking i medhald av forbrukarkjøpslova? Han kan halde attende betalinga, krevje levering, heve kjøpet og krevje erstatning.
  2. Kva typar krav kan kjøparen gjere gjeldande ved mangel i medhald av forbrukarkjøpslova? Han kan halde attende betalinga, krevje retting, omlevering, prisavslag, heve kjøpet og krevje erstatning.
  3. Kva for ein paragraf i forbrukarkjøpslova har reglar om retting og omlevering? § 29
  4. Kva er vilkåret for at kjøparen skal kunne heve kjøpet etter forbrukarkjøpslova? Mangelen må vere vesentleg.
  5. Kva er meint med reklamasjon? Reklamasjon er det same som klage. Dersom tingen har ein mangel, kan kjøparen klage innan ein viss frist etter forbrukarkjøpslova.
  6. Kva typar krav kan seljaren ha etter forbrukarkjøpslova dersom kjøparen ikkje oppfyller pliktene sine? Han kan halde tingen attende, halde fast på kjøpet og krevje betaling, heve kjøpet og krevje erstatning.
  7. Kva for ein paragraf i forbrukarkjøpslova gir seljaren rett til å krevje erstatning frå kjøparen? § 46