Aktivitet 11.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva meiner vi med regelverk? Regelverk er lover, forskrifter, føresegner og reglar om rettar, plikter og andre forhold i samfunnet.
  2. Kva er ein rettskjeldefaktor? Ein rettskjeldefaktor er det rettslege grunnlaget vi bruker for å løyse eit juridisk spørsmål. Det er som regel ein lovregel, som ofte er supplert av forskrifter og rettsavgjerder.
  3. Kvar finn vi lovene som gjeld i Noreg? Vi finn dei i lovsamlinga Norges lover og i lovdata.no.
  4. Kva er eit forbrukarkjøp, og når gjeld forbrukarkjøpslova? Med forbrukarkjøp er det meint sal av ting til ein forbrukar når seljaren eller ein representant for seljaren opptrer i næringsverksemd. Forbrukaren er ein som handlar til privat bruk, og seljaren er ein næringsdrivande eller ein som jobbar for ein næringsdrivande. Vi snakkar vanlegvis om butikksal. For å beskytte forbrukaren har lova ein regel om at det ikkje kan avtalast vilkår som er dårlegare for forbrukaren enn det som følgjer av lova, til dømes kortare reklamasjonstid.
  5. Kva for to typar avtalebrot frå seljaren si side finn vi reglar om i forbrukarkjøpslova? Mangel og forseinking.