Aktivitet 5.1.2 – Personlig budsjett

Fordjuping

  1. Lag eit budsjett for deg sjølv der du tek utgangspunkt i kva du trur du kjem til å ha som inntekt i kommande månad, og kva du trur du vil bruke pengane på.
  2. Du skal samle vedlegg for den kommande månaden. Vedlegga skal du bruke seinare til å lage din personlege rekneskap. Det vil gi deg ei viss oversikt over inntekta di, og kva du bruker pengane til. Dersom du ikkje får vedlegg (kassalapp o.l.), lagar du eit sjølv. Vedlegget skal vise kva beløpet gjeld, kor stort beløpet er, når transaksjonen skjedde (dato), og kven du har motteke pengar frå eller betalt pengar til.