Aktivitet 4.3.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er personvern? Personvern handlar om retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar.
  2. Kva er formålet med personopplysningslova? Personopplysningsloven skal sikre at
    • berre nødvendige personopplysningar blir samla inn og lagra
    • data som er lagra, blir behandla og nytta på ein måte som ikkje er til skade for den personen det gjeld
  3. Kva meiner vi med etikk? Etikk er læra om verdiar, haldningar og forventningar som seier noko om kva som er rett og gale.
  4. Kva meiner vi med moral? Moral er korleis vi handlar ut frå kva vi meiner er rett og gale.
  5. Kva er ei norm? Ei norm er ein forventa oppførsel menneske imellom. Vi følgjer normer utan å tenkje så mykje over det. Ei norm er som regel ikkje skriven ned nokon stad.
  6. Kva meiner vi med etiske retningslinjer? Etiske retningslinjer er reglar som seier noko om grensa for kva ein ser på som rett og gale å gjere i visse situasjonar.
  7. Kva meiner vi med korrupsjon? Korrupsjon vil seie å ta imot eller krevje ein fordel utover det ein normalt ville fått i stillings si, og som kan føre til ein urettmessig fordel for givaren på eit seinare tidspunkt. Både den som gir, og den som tek imot, er ein del av korrupsjonen.
  8. Kva meiner vi med bestikking og smørjing? Bestikkingar og smørjing er også korrupsjon, å ta imot eller krevje ein fordel utover det ein i stillinga si eller vervet sitt normalt ville fått.
  9. Kva meiner vi med kundepleie? Kundepleie er noko ei verksemd ser på som akseptabelt å ta imot frå eller gi til ein kunde eller leverandør, og som ikkje blir oppfatta som ein freistnad på å oppnå ein fordel på eit seinare tidspunkt.