Det norske selskapet Varner er eit av dei største motekonserna i Nord-Europa med nærmare 11 000 medarbeidarar og 1500 butikkar som er fordelte på Noreg, Sverige, Finland, Danmark, Island, Polen, Tyskland og Austerrike. Selskapet består av motekjedene A-Z, Bik Bok, Carlings, Cubus, Dressmann, Dressmann XL, Urban, Vivikes, Volt, Wow, Solo, Levi’s Store, Nike Store og Denim & Supply.
For å styrkje verdikjeda har selskapet investert i eit nytt automatisert distribusjonsanlegg i Vänersborg i Sverige. Lageret som blir levert av det sveitsiske selskapet Swisslog, er eit avansert automatisert materialhandteringssystem som skal handtere Varners flyt av kartongar, kasser, hengjande plagg og dessutan stykkplukk for e-handel og butikk. I tillegg vil anlegget bli eit effektivt midtpunkt for distribusjon til dei 12 kjedene og 1500 butikkane i konsernet. Ifølgje Anders Eriksson, Head of Logistics i Varner Retail AB, skal dette vere «det beste lageret i verda». «Det nye anlegget kjem til å gjere oss raskare og meir effektive og betre leveringspresisjonen vår», seier Eriksson.
Dette er eit døme på kor viktig den utgåande logistikken er for eit stort selskap som Varner.