Aktivitet 3.3.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva bør verksemda gjere når ein søknad er motteken? Verksemda bør sende stadfesting på at ho har motteke søknaden.
  2. Kva er rutinen for ein arbeidsgivar når alle søknadene er mottekne? Verksemda skal sile ut søknadene og sortere dei i aktuelle og ikkje aktuelle kandidatar. Først ser dei kva for søknader som tilfredsstiller krava som stod i stillingsannonsen. Dernest sjekkar dei om personlege eigenskapar og kvalifikasjonar er slik dei ønskjer.
  3. Kva er ei søkjarliste? Ei søkjarliste er ei oppstilling av dei aktuelle søkjarane, som oftast i ein tabell som viser viktig informasjon. Lista gir ei god oversikt over kompetansen til søkjarane og blir brukt til prioritering av søkjarane.
  4. Kva er ein arbeidsprøvetest? Arbeidsprøvetestar er ofte minioppdrag der arbeidsgivaren kan teste søkjaren i til dømes service eller korleis dei meistrar ei programvare.
  5. Korleis bør du førebu deg til eit jobbintervju? Skaff deg god kjennskap til bedrifta: Finn informasjon på heimesida til bedrifta.

    Les gjennom stillingsannonsen, søknaden og CV-en på nytt før intervjuet.

    Førebu deg på kva slags spørsmål du kan få under intervjuet, og øv deg på svara du skal gi: Kvifor du vil ha denne jobben, og kvifor arbeidsgivaren bør velje deg. Tenk igjennom korleis du vil presentere deg sjølv, kva du kan bidra med i bedrifta, og kva som er dine sterke og svake sider.
  6. Kor lenge varer som regel eit jobbintervju? Det varierer avhengig av stillinga, 45–90 minutt.
  7. Korleis bør du kle deg når du møter til eit jobbintervju? Ha eit nøytralt antrekk som ikkje vekkjer oppsikt, og ver ordentleg kledd.
  8. Kva bør du gjere dersom du ikkje høyrer noko frå arbeidsgivaren? Dersom du ikkje har høyrt noko frå arbeidsgivaren etter om lag 14 dagar, kan du ringje.