Aktivitet 11.7.2 – Ulovlig handelspraksis?

Problemløysing

Vurder og avgjer om desse handelspraksisane er ulovlege etter marknadsføringslova. Vis til paragrafar.

  1. Ein fotograf tok bilete av barn i ein barnehage. Etterpå sende han bileta til foreldra med beskjed om at han rekna det som ein avtale om kjøp av bileta dersom dei ikkje vart returnerte innan ei viss tid.
  2. Ein laurdag kl. 10.15 får advokat Elise Berg telefon frå representanten for ein straumleverandør som tilbyr eit gunstig abonnement.
  3. Ein annonse for kontantkort frå Telenor Mobil viste ei ulykkeleg jente og med denne biletteksten: «Har du glemt å kjøpe kontantkort til barna? Send SMS til Telenor Mobil. Vi gjør det enklere for deg å holde løftene dine.»
  4. Aleksander Andersen har reservert seg mot telefonsal i Reservasjonsregisteret i Brønnøysund. Likevel får han av og til SMS frå Canal Digital, der han er kunde, med tilbod om å ta i bruk dei nye tenestene som Canal Digital har.