Aktivitet 4.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva meiner vi med HMS? HMS står for helse, miljø og sikkerheit og dreier seg om korleis verksemda tek omsyn til sikkerheita til dei tilsette når det gjeld helse (det indre miljøet) og til miljøet utanfor verksemda (det ytre miljøet).
  2. Kva er ein arbeidstakar? Ein arbeidstakar er ein person som utfører arbeid i teneste for ein annan.
  3. Kva er ein arbeidsgivar? Ein arbeidsgivar er ein som har tilsett ein arbeidstakar for å utføre arbeid i si teneste.
  4. Kva meiner vi med psykososialt arbeidsmiljø? Psykososialt arbeidsmiljø er sosiale, mellommenneskelege og organisatoriske forhold som påverkar arbeidsevna, helsa og velferda til arbeidstakarane.
  5. Kva meiner vi med fysisk arbeidsmiljø? Fysisk arbeidsmiljø er utforminga og tilrettelegginga av arbeidsstaden som påverkar helsa, miljøet, sikkerheita og velferda til arbeidstakarane.
  6. Kva meiner vi med at arbeidstakaren har medverknadsplikt i HMS-arbeidet? Medverknadsplikta er plikta arbeidstakaren har til å følgje alle pålegg som blir gitt for å sikre at arbeidsplassen har eit trygt arbeidsmiljø.
  7. Kva er internkontroll? Internkontroll er eit system for eigenkontroll av det systematiske sikkerheitsarbeidet i verksemda, og dokumentasjon av dette arbeidet.
  8. Kva er internkontrollforskrifta? Internkontrollforskrifta gir nærmare retningslinjer til arbeidsmiljølova om kva det systematiske HMS-arbeidet inneber, og kva det krev av verksemda når det gjeld eigenkontroll.