Aktivitet 4.3.3 – Øvelse i aktiv lytting

Gruppeoppgåve

Denne oppgåva går ut på øving i aktiv lytting. De arbeider to og to saman. Den eine refererer frå artikkelen nedanfor (heilt eller delvis), som er henta frå nettstaden mynewsdesk.com 9. april 2018. Den andre høyrer på ved å lytte aktivt.

Aktiv lytting inneber ikkje at de berre nikkar, seier ja eller gir korte tilbakemeldingar, men også at de ber om at den som refererer artikkelen, også forklarer nærmare kva som er meint med dei ulike uttrykka. Så byter de på rollene. De kan godt bruke ein annan artikkel dersom det passar betre.


Jaguar F-PACE, 2017 World Car of the Year og World Car Design of the Year, blir no også tilgjengeleg som SVR-modell og blir dermed den raskaste og kraftigaste F-PACE nokon gong.

F-PACE SVR er utvikla av Special Vehicle Operations (SVO) med 44 % auka kraft, noko som gir ein 5,0 liter V8 Supercharged bensinmotor med 550 hk og 680 Nm. Med denne motoren akselererer bilen frå 0 til 100 km/t på 4,3 sekund og har ein toppfart på 283 km/t.

Aerodynamiske oppgraderingar inkluderer større luftinntak framme og luftinntak på sidene som reduserer trykket i hjulbogane, reduserer løft og gir ekstra kjøling, samstundes som stabiliteten i høg hastigheit er optimalisert. I tillegg skaper dei unike hjulbogeforlengjarane og sidelistene ei muskuløs haldning som gjer at SVR-modellen skil seg ut på vegen.

Eit eksklusivt panser med luftinntak som trekkjer ut varm luft frå motorrommet, skaper eit visuelt inntrykk av dei dynamiske eigenskapane til modellen.

SVR-modellen har også ein unik bakspoiler og ny støytfangar med fire eksosrøyr. Støytfangaren er utstyrt med sideprofilar som bidreg til auka aerodynamisk yting ved å leie luftstraumen bort frå bakenden på bilen.

Det oppgraderte chassiset er utstyrt med progressive fjører framme og bak som er høvesvis 30 % og 10 % stivare saman med ein krengingsstabilisator som bidreg til å redusere krenginga med 5 %.

F-PACE SVR er også utstyrt med Jaguars Variable Valve Active Exhaust-system.

Dette skaper eit karismatisk lydbilete og bidreg til å auke ytinga til bilen ettersom Active-systemet tillèt ein auka gasstraum. Eksosanlegget på SVR er 6,6 kg lettare enn standard eksosanlegg på F-PACE.

F-PACE SVR er den første F-PACE-modellen med Jaguars Rear Electronic Active Differential (EAD), og er utstyrt med eit omfattande utval av avanserte, spesialkalibrerte teknologiar. Torque on-demand All-Wheel Drive-systemets Intelligent Driveline Dynamics (IDD)-teknologi er optimalisert for EAD, i tillegg til at programvara for Adaptive Dynamics-opphenget, elektronisk servostyring (EPAS) og Dynamic Driving Mode er skreddarsydde for SVR-modellen.

Engaging Dynamic Mode gir raskare og meir responsvillige girskift, skarpare gassrespons og auka styrerespons for ei meir engasjerande køyreoppleving under alle forhold.