Aktivitet 3.1.6 – Logoer for eksempelbedriftene

Fordjuping

I kapittel 1 fastsette de namn på dømebedriftene. No skal de lage logoar for dei.

Stem på den beste for kvar bedrift, og bruk den logoen i alle dokumenta framover der det er naturleg.


Litt om logo

Ein logo er ein grafisk figur som kjenneteiknar ei verksemd, vare eller teneste. Logoen blir også kalla varemerket til ei verksemd. Logoen kan illustrere og forsterke forretningsideen til verksemda eller namnet på bedrifta. Logoen er med på å signalisere profilen til verksemda.

Ein logo kan være i éin eller fleire fargar, ha strekar eller flater. Det kan vere ein bokstav, eit tal eller eit liknande teikn. Logoen kan også vere ein figur frå verkelegheita, ein abstrakt figur eller ein rein fantasifigur.

Sjå også på heimesida til UB om kjenneteikn ved ein god logo.