Aktivitet 11.6.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. kva for ein paragraf i marknadsføringslova finn vi reglar om god marknadsføringsskikk? § 2
  2. Forklar kva vi meiner med kjønnsdiskriminerande reklame. Med kjønnsdiskriminerande reklame tenkjer vi på reklame som er i strid med likeverdet mellom kjønna, at reklamen utnyttar kroppen til det eine kjønnet eller gir inntrykk av ei støytande eller nedsetjande vurdering av kvinne eller mann. Vi finn reglane i marknadsføringslova § 2 andre ledd.
  3. Forklar omgrepet handelspraksis. Vi finn definisjonen i marknadsføringslova § 5 første ledd bokstav d, der det står at handelspraksis er «enhver handling, utelatelse, atferd eller framstilling, kommersiell kommunikasjon, herunder reklame og markedsføring, fra en næringsdrivendes side, som er direkte knyttet til å fremme salget av, selge eller levere en ytelse til forbrukerne».
  4. Kva er meint med urimeleg handelspraksis? Urimeleg handelspraksis er ufine forretningsmetodar som gjer at forbrukarane blir lurte eller pressa til å gjere noko dei ikkje ville gått med på om dei hadde visst betre. Vi finn definisjonen i marknadsføringslova § 6 andre ledd.
  5. Kva er Svartelista? Svartelista er ei forskrift som nemner 31 handlingar som alltid skal reknast som urimeleg handelspraksis.
  6. Kva er meint med villeiande handlingar i marknadslova? I § 7 første ledd står det at ein handelspraksis er villeiande dersom han inneheld urette opplysningar og dermed er usannferdig eller på annan måte er eigna til å villeie forbrukarane. Paragrafen listar opp ei rekkje handlingar som er rekna som villeiande.
  7. Kva er meint med villeiande utelatingar? Vi finn ei nokså omstendeleg forklaring på kva som er meint med villeiande utelatingar i marknadsføringslova § 8. Ei litt enklare forklaring er at villeiande utelatingar vil seie at seljaren i samband med marknadsføringa held attende eller skjuler vesentlege opplysningar, slik at forbrukarane tek avgjerder på feil grunnlag.
  8. Gi eit døme på aggressiv handelspraksis. Det blir rekna som aggressiv handelspraksis dersom seljaren låser utgangsdøra og nektar å sleppe ut kunden før han har inngått ein avtale.