Aktivitet 6.1.3 – Oslo–Bergen–Oslo

Problemløysing

Du skal ta ein weekendtur frå Oslo til Bergen t/r og står overfor val mellom fly, tog og bil. Turen tek 7 timar med tog eller bil. Togbilletten kostar kr 950 kvar veg. Bilen bruker 0,7 liter bensin per mil. Avstand Oslo–Bergen er 47 mil. 1 liter bensin kostar kr 14. Å fly kostar kr 1 500 kvar veg. I tillegg kostar billetten med flytoget mellom Oslo S og Gardermoen kr 90, og flybussen mellom Flesland og Bergen kr 80. Reisetida med flytoget er 20 minutt éin veg, mellom Flesland og Bergen 20 minutt éin veg. Flytida er 55 minutt, og ventetid på bagasje er 10 minutt. Du må møte opp på flyplassane (Gardermoen og Flesland) 45 minutt før avgang.

  1. Kva blir raskaste alternativ?
  2. Kva blir billigaste alternativ?