Aktivitet 9.3.5 – Brødrene Hansen AS

Omgrepstesting

Brødrene Hansen AS er ein stor leverandør av industriprodukt som pakningar, tetningar, reingjeringsmaskinar, oljeteknisk utstyr og bilutstyr. Selskapet vart etablert allereie i 1876 og held i dag til på Kløfta i Ullensaker kommune, der dei har kontor og lager pluss ei eiga serviceavdeling. Selskapet har nyleg automatisert lageret slik at det har vorte mykje enklare å plukke ut ulike artiklar.

Brødrene Hansen AS har dei siste to åra opplevd ein nedgang i omsetninga og har derfor måtta nedbemanne. Selskapets HR-avdeling har forhandla med dei det gjeld, om dette. Administrerande direktør Fredrik Hansen har teke grep for å rette opp økonomien. Han har mellom anna innført eit nytt bestillingssystem, slik at kundane sjølve legg inn bestillingar på nettsida til selskapet i staden for å ringje inn. Dermed slepp selskapet mykje papirarbeid, og ekspedering av bestillingane skjer raskare.

Selskapet nyttar tenestene til spedisjonsfirmaet Dachser både når varer skal fraktast til Noreg frå dei utanlandske leverandørane, og når dei skal sendast ut til kundane. Samarbeidet med Dachser gjer at innkjøpa av varer skjer mykje raskare enn tidlegare. Leveransane til kundane går også raskare fordi Dachser har ein moderne bilpark og eit effektivt transportsystem. Tidlegare brukte Brødrene Hansen AS til dels eigne bilar.

For å få betre kontroll med verksemda har Hansen innført eit nytt datasystem, såkalla ERP-system (enterprice resource planning), som gjer det enklare å halde styr på både lager, sal, innkjøp og økonomi.

Presentasjon av Brødrene Hansen AS gjeld fleire primær- og støtteaktivitetar i verdikjeda. Forklar kva dette gjeld. Det står at Brødrene Hansen har ei eiga serviceavdeling. Service er ein primæraktivitet. Det nye automatiserte lageret gjer at den utgåande logistikken blir betre. Utgåande logistikk er også ein primæraktivitet. Når det gjeld HR-avdelinga og nedbemanninga, er det ein støtteaktivitet. Det at Fredrik Hansen har teke grep for å rette opp økonomien, gjeld støtteaktiviteten leiing og økonomistyring. Det nye bestillingssystemet har med den utgåande logistikken å gjere, mens samarbeidet med Dachser om levering av varer frå utlandet har med den inngåande logistikken å gjere. Bruken av Dachsers tenester når det gjeld levering av varer til kundane, gjeld den utgåande logistikken. Det nye ERP-systemet omfattar både innkjøp, drift, inngåande og utgåande logistikk, sal og økonomi.