Aktivitet 7.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kven er ansvarleg for å vurdere sikkerheita ved
    • persontransport?
    • varetransport?
    • godstransport?
    • Føraren av transportmiddelet og servicemedarbeidarar på passasjerterminalar
    • Logistikkoperatørar og medarbeidarar på varelager
    • Godssjåførar og medarbeidarar på godsterminalar
  2. Forklar skilnaden på vare og gods. Vare er ein fysisk gjenstand som nokon eig. Eigedomsretten til ei vare blir overført frå ein seljar til ein kjøpar gjennom ein kjøpsavtale. Partane i ein kjøpsavtale er seljar og kjøpar. Gods er varer under transport der transportøren (eller fraktføraren som er omgrepet som står i lova) formidlar vara frå ein sendar til ein mottakar. Partane i ein fraktavtale er sendar, transportør (fraktførar) og mottakar.
  3. Kven er ansvarleg dersom ein passasjer har med seg fraktfri bagasje som blir skadd under transport? Passasjeren er sjølv ansvarleg. Transportverksemder tek ikkje ansvar for fraktfri bagasje.
  4. Kva er formålet med reglane for køyre- og kviletid som yrkessjåførar er pålagde å følgje? Reglane skal førebyggje trøyttleik hos sjåførane og bidra til auka trafikksikkerheit.
  5. Kva er alle sjåførar pliktige å kontrollere før køyringa tek til? Alle sjåførar har plikt til å kontrollere at lys, bremsar, styring og dekk fungerer og er etter forskriftene før dei startar køyringa.
  6. Korleis finn du fram til maksimal tillaten aksellast for eit køyretøy? Maksimal tillaten aksellast finn du ved å slå opp i vognkortet.
  7. Kva er det viktigaste ein sjåfør kan gjere i situasjonar med høg risiko? Det viktigaste sikkerheitstiltaket i situasjonar med høg risiko er at sjåføren set ned farten.
  8. Kven må varslast når det skjer ei trafikkulykke med personskade og materiell skade? Du må varsle redningsetatane (politi og ambulanse og i tillegg brannvesenet dersom nokon sit fastklemd).

    Du må også sørgje for at forsikringsselskapet får melding snarast råd, og avtale med dei korleis berging skal skje.
  9. Reglane i vegtrafikklova gjeld ved transport, men kva reglar gjeld om du er på eit godslager, ein grossistterminal eller ein passasjerterminal? Da gjeld internkontrollforskrifta og reglane i tilhøyrande lover og forskrifter. Særleg viktige er reglane i brann- og eksplosjonsvernlova, forureiningslova og arbeidsmiljølova.
  10. Kva er eit særskilt brannobjekt? Eit særskilt brannobjekt er ein bygning med høg risiko for brann og/eller eksplosjon.
  11. Bilbelte er påbode gjennom «Forskrift om bruk av personlig verneutstyr under kjøring med motorvogn», men det er eitt unntak. Kva for eit er det? Bilbelte er ikkje påbode i bussar med mange ståplassar. Normalt vil dette vere reine bybussar.
  12. Korleis kan styresmaktene finne fram til punkt i trafikkmiljøet med høg risiko for trafikkulykker? Styresmaktene fører statistikk over alle trafikkulykker. Alle ulykker med personskade skal meldast til politiet. På denne måten ser styresmaktene lett kvar det er stort sannsyn for trafikkuhell. I tillegg ser styresmaktene lett kvar dei alvorlegaste ulykkene skjer. Dermed kan dei finne fram til kvar på vegnettet det er høg risiko for trafikkulykker. (Hugs at risiko er sannsynet for uønskt hending multiplisert med konsekvensen av hendinga.) Høgrisikopunkt er punkt der det kan vere sannsynleg med uønskte hendingar med høg alvorlegheitsgrad. Her set styresmaktene i verk trafikksikkerheitstiltak.
  13. Kvifor bør du alltid oppbevare verdisaker i handbagasjen når du reiser med buss over lengre avstandar? Transportørane har ikkje ansvar for fraktfri handbagasje. Om ein passasjer stel bagasjen din frå bagasjerommet i bussen, er busselskapet ikkje erstatningspliktig. Handbagasjen som du har med deg inn i bussen, har du betre kontroll på.
  14. Forklar korleis ein yrkessjåfør kan dokumentere at han eller ho følgjer reglane om maksimale køyretider og minimale kviletider. Ein yrkessjåfør kan dokumentere dette på to ulike måtar. Hovudregelen er at føraren skal bruke ein digital fartsskrivar, men det er unntak for bybussar, der sjåføren kan ha med seg arbeidsplanane sine og vise fram desse under kontroll.
  15. Nemn nokre faktorar som kan gjere sitt til at yteevna til ein sjåfør varierer over tid. Både forhold ved sjåføren og ytre forhold kan påverke yteevna til ein førar. Forhold ved sjåføren kan vere trøyttleik og stress på grunn av for mange forstyrrande faktorar under køyring. Døme på ytre faktorar kan vere glatt vegbane, dårleg sikt på grunn av nedbør kombinert med mørke og mykje motgåande trafikk.