Aktivitet 6.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er transport? Transport er å flytte personar og gods frå ein stad til ein annan.
  2. Når vi vel transportteneste, vel vi mellom ulike forsyningskjeder. Kva er ei forsyningskjede? Ei forsyningskjede består av ulike aktørar som samarbeider om å gjennomføre transport- og logistikktenester.
  3. Kva faktorar er viktige når vi skal velje persontransportteneste? Reisetid/reiselengd – Reisekostnad – Reisekomfort – Personlege preferansar – Tilgjengelege transportmiddel
  4. Kva er kollektivtransport? Kollektivtransport er regelmessig persontransport i rute langs faste trasear og er open for alle. Døme er bussruter, trikk, fly og hurtigbåtar.
  5. Kva avgjer kor godt tilbodet om kollektivtransport er? Kollektivtransporttilbodet er best der mange skal reise samstundes til det same reisemålet. Dette er i byar og tettbygde område.
  6. Kva er ei turkjede? Ei turkjede er ei reise som går frå eit startpunkt via fleire reisemål og attende til startpunktet. Vanlegvis startar ei turkjede ved bustaden. Derfrå kan ein tur går til skole eller arbeid og vidare til innkjøp før turen går i retur til bustaden.
  7. Kven fastset taksttabellane som gjeld for bussreiser i eit fylke? Kvar enkelt fylkeskommune. Derfor har vi ulike taksttabellar i kvart fylke.
  8. Kva er ein taksttabell? Ein taksttabell viser kva det kostar å reise frå ein avgangshaldeplass til ein endehaldeplass.
  9. Kva er einingssonetakst? I nokre byar er det innført einingssonetakst. Passasjerar betaler same takst utan omsyn til kor langt dei reiser, så lenge starten på reisa og målet ligg innanfor einingssona.
  10. Kva er turbiltransport? Turbiltransport er bestillingstransport som er open berre for dei som bestillaren har bestemt kan vere med.
  11. Korleis vil du forklare «persontransportsirkelen»? Normalt startar vi alle reiser frå bustaden vår. Derfrå går turen til skole eller arbeid for skoleelevar og yrkesaktive. Deretter kan det bli eit innkjøp eller ei besøksreise før vi returnerer til bustaden. Ved ferie og fritidsreiser over lengre avstandar startar og sluttar reisa frå bustad med opphald undervegs på andre stader. Persontransportsirkelen er illustrert i læreboka på side 90 ved eit enkelt piktogram.
  12. Nemn nokre faktorar som avgjer kva for eit transporttilbod som er tilgjengeleg. Befolkningstettleiken på staden der du bur, er viktigast. I storbyar finn vi som regel kollektive transportformer som T-banar, sporvegar og busslinjer. Ein annan viktig faktor er kor stor del av befolkninga som har bil og sertifikat.
  13. Kva er hovudkriteriet for at elevar i vidaregåande skole skal få rett til skoleskyss? Avstanden mellom bustad og skole må vere på meir enn 6 km. Regelen finn vi i lova om grunnskolen og vidaregåande opplæring § 7–2, 1. ledd, som har denne ordlyden:

    «Elevar i vidaregåande skole som bur meir enn seks kilometer frå skolen, har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle. Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda. Departementet kan gi forskrifter om at skyssbehovet til elevane i særskilde tilfelle kan dekkjast på andre måtar.»
  14. Gi eit døme på ein type reiser der målet er å komme fortast mogleg fram, og eit døme på reiser der transporten inngår som ein del av ei total oppleving. Ved forretningsreiser er målet normalt å komme fortast mogleg fram. Ved opplevingsreiser vil den reisande oppleve ukjend natur. Døme kan vere ein safaritur eller nordlystur med Hurtigruten.
  15. Kvifor varierer prisane på kollektivtransport frå fylke til fylke? Det er fylkeskommunen som er takstmyndigheit. Kvart fylke fastset derfor sine eigne takstar.