Aktivitet 6.4.3 – Regnskap for liten virksomhet

Fordjuping

Du har ein venn som er ivrig med trearbeid. Han lagar figurar og sel til nærmiljøet. Han har behov for litt hjelp til å få oversikt over økonomien og vil no lage ein rekneskap. Du hjelper han med det.

Han vil i oppstarten bruke desse kontoane:

Kontonr. Konto Beløp
Balansekontoar:
1200 Verktøy og maskinar 45 100
1920 Bankinnskot 30 200
2050 Eigenkapital 75 300
Resultatkontoar:
3100 Salsinntekter
4300 Kjøp av materialar
6300 Husleige
7790 Andre driftskostnader

I januar har han desse forretningstilfella:

Dato Tekst Beløp
2.1. Kjøper trematerialar – betaler med bankkort 6 020
5.1. Betaler husleige i nettbanken 10 500
10.1. Kjøper maskinar – betaler i nettbanken 12 000
15.1. Tek imot for arbeid – inn på bank 23 000
15.1. Tek ut kontantar frå banken – kjøper kontorrekvisita 2 000
18.1. Kjøper diverse utstyr til kontoret – betaler med bankkort 1 200
20.1. Kjøper materialar – betaler med bankkort 3 840
24.1. Betaler mobilabonnement – betaler i nettbanken 930
31.1. Tek imot for arbeid i bank 10 100
  1. Opprett kontoar, set på kontonummer, og før inn balansetala per 1.1. med teksten IB.
  2. Registrer forretningstilfella i januar. Start med vedlegg nr. 1, og gi vedlegga fortløpande nr.
  3. Avslutt rekneskapen, og finn resultatet av verksemda i januar.
  4. Kommenter den økonomiske stillinga til trearbeidaren etter ein månads drift.