Oppgave 1.1.5 – Hvilke behov?

Omgrepstesting

Kva for behov på Maslows behovsstige snakkar vi om her:

  1. Petter har hatt stor suksess med bedrifta han starta for ti år sidan, og no køyer han rundt i ein flunkande ny Porsche Panamera for å vise velstanden sin. Behov for status og anerkjenning
  2. Etter ein lang sykkeltur blir Malin tørst og kjøper ein energidrikk. Fysiologisk behov
  3. Ingrid har bestemt seg for å ta fri eit heilt år og reise rundt i verda for å oppleve andre kulturar. Behov for sjølvrealisering og oppleving
  4. Karoline føler seg utrygg og har skaffa seg ein vakthund. Behov for sikkerheit og tryggleik
  5. Marius, som har vore innlagd på sjukehus ei heil veke, saknar kontakten med vennene sine. Sosialt behov