Aktivitet 5.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Forklar kva eit budsjett er. Budsjett er ein økonomisk plan for framtida. Vi planlegg inntekter og utgifter i ein kommande periode.
  2. Kva skal eit personleg budsjett vise? Ein plan for dei private kommande inntektene og utgiftene dine
  3. Kvifor trur du det er viktig at du lærer deg å lage og bruke eit budsjett? Det vil gi ei oversikt over kommande inntekter og utgifter og hjelpe deg med å ha styring på din eigen økonomi.
  4. Forklar kva budsjettoverskot er. Budsjettoverskot er når inntektene blir større enn utgiftene.
  5. Forklar kva budsjettunderskot er. Budsjettunderskot er når utgiftene blir større enn inntektene.
  6. Kva er ein nettbank? I nettbanken kan kunde og bank møtast på internett. Alle vanlege banktenester kan vi få gjort digitalt.
  7. Veit du kva forfall på ei rekning betyr? Det er siste dato for betaling av ei rekning.
  8. Dersom du set opp eit budsjett for deg sjølv, og du får det vi kallar ein budsjettsprekk, kva vil det seie? Utgiftene vart større enn du planla, inntektene vart lågare enn planlagt, eller begge delar.
  9. Kva bør du gjere når du opplever ein budsjettsprekk? Auke inntektene eller redusere kostnadene.