Aktivitet 3.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva meiner vi med yrkessjåførfaget? Yrkessjåførfaget er ein yrkestittel for ein person som har kompetanse når det gjeld transport av personar og varer. Utdanning 2 år på skole og 2 år i lære der fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev.
  2. Kva er ein logistikkoperatør? Ein logistikkoperatør er ein yrkestittel for ein person som har kompetanse når det gjeld logistikk, planlegging og flytting av varer og personar. Utdanning 2 år på skole og 2 år i lære der fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev.
  3. Kva meiner vi med sikkerheitsansvarleg? Sikkerheitsansvarleg er ein person i verksemda som har hovudansvaret for alle forhold som har med sikkerheita å gjere.
  4. Kva fasar består sikkerheitsprosjekteringa av? Sikkerheitsprosjekteringa består av dei fire fasane: 1. Planleggingsfasen 2. Risikovurderingsfasen 3. Tiltaksfasen 4. Oppfølgingsfasen
  5. Kva er sikkerheitsmål? Sikkerheitsmål er målbare og realistiske mål for den sikkerheita vi ønskjer ein verdi skal ha.
  6. Kva er risikovurdering? Risikovurdering er ein systematisk metode for å komme fram til eit risikonivå for ein verdi.
  7. Kva er ei sikkerheitsmappe? Ei sikkerheitsmappe er ein perm eller liknande der alle papira som gjeld sikkerheitsarbeidet, ligg. Mappa er ein del av internkontrollsystemet i verksemda.