Aktivitet 4.3.6 – Hobbypakke

Problemløysing

Ein leiketøysbutikk sel hobbyartiklar til barn i barneskolen. Dei har kjøpt inn ei hobbypakke som dei vil finne utsalsprisen på. Dei har sjekka i andre leiketøysbutikkar og funne at dei fleste sel liknande pakker til ein pris på rundt kr 200 med mva.

Inntakskosten per pakke er kr 81. Butikken bruker ein avanse på 80 %, og det er 25 % meirverdiavgift.

  1. Finn utsalsprisen med mva.
  2. Kva pris vil du rå butikken til å bruke?
  3. Kva for ein prissetjingsmetode er brukt her?