Aktivitet 3.1.13 – Risikoanalyse med tiltak og kontroll 1

Problemløysing

Oppgåva gjeld Fiskomat AS.

  1. Risikoanalyse. Gjennomfør ein risikoanalyse for verdien bilparken for den uønskte hendinga «uvedkommande tek seg inn på området» og trusselen «hærverk på bil». Anta at sikkerheitstiltak som er utarbeidde for bilparken, er gjennomførte, det vil seie at eit solid gjerde med port og tilgangskontroll er på plass. Bruk skjema for risikovurderingsfasen. Argumenter også for kvifor du vel nivåa for sannsyn og konsekvens, og for det endelege valet av risikonivå.
  2. Tiltaksplan. Lag ein tiltaksplan for tiltak du no meiner Fiskomat bør innføre. Bruk skjema for tiltaksfasen.
  3. Kontroll. Gjennomfør ein tenkt kontroll av dei innførte tiltaka du føreslo. Bruk skjema for oppfølgingsfasen.