Aktivitet 6.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Dersom du skal lage din eigen personlege rekneskap, kva postar vil du ha med? Ein kan starte med berre kontantar, men det er lurt å utvide med eventuelt bank, inntekter og nokre utgiftspostar.
  2. Kva er ein konto? I rekneskapen skal du bruke kontoar som hjelpemiddel for å registrere vedlegga.
  3. Vi bruker eit spesielt oppsett for å lage kontoar, kva kallar vi det oppsettet? T-konto.
  4. Kva gjer du når du debiterer og krediterer? Du fører eit vedlegg på både debet og kredit på to ulike kontoar.
  5. Når du fører vedlegga inn i rekneskapen, kva kallar vi det? Å postere.
  6. Ein post, kva er det? Ei føring av eit vedlegg.
  7. Forklar kvar på T-kontoen du plasserer debet og kredit. Debet er alltid den venstre sida av kontoen. Kredit er høgresida av ein konto.
  8. Kva for kontoar trur du det er viktig å ha i en personlig rekneskap, utover konto for kontantar? Bank, inntekter, faste kostnader og andre kostnader.
  9. Kva er eit overskot? Når inntektene er større enn kostnadene.
  10. Kva er ein kontoplan? Oversikt over alle kontoane med kontonummer som blir nytta i ein rekneskap.