Aktivitet 4.2.7 – HMS på skolen

Diskusjon

Gruppa skal gjennomføre ei undersøking av det fysiske arbeidsmiljøet på skolen for ein sjølvvald stad. Bruk skjemaet for systematisk HMS-arbeid.

  1. Lag sikkerheitsmål for det fysiske arbeidsmiljøet på staden med tanke på dei som jobbar der.
  2. Kartlegg eventuelle farar og problem som påverkar arbeidsmiljøet, og finn fram til risikonivåa.
  3. Lag eit forslag til ein tiltaksplan som skal bidra til eit eventuelt betre arbeids- og elevmiljø.
  4. Gjer greie for korleis forslaget til tiltaksplanen kan bli sett i verk, og korleis de vil kontrollere at tiltaka «verkar».
  5. Gjer greie for korleis de vil handtere ein avvikssituasjon for det fysiske arbeidsmiljøet/elevmiljøet.