Aktivitet 5.4.5 – Budsjettkontroll Ung Mote AS

Fordjuping

Verksemda Ung Mote AS sel klede for ungdom. Dei starta for eit år sidan og sette opp eit resultatbudsjett for det første året. Dei vil no sjå om rekneskapen vart slik dei venta, og gjennomfører ein budsjettkontroll.

Inntekter Budsjett
Salgsinntekter 2 500 000
Sum inntekter 2 500 000
Utgifter
Varekostnader 1 200 000
Lønnskostnader 720 000
Husleie og strøm 85 000
Andre driftskostnader 95 000
Markedsføringskostnader 26 000
Rentekostnader 50 000
Sum utgifter 2 176 000
Inntekter – Utgifter 324 000

Rekneskapen viser ei salsinntekt på kr 2 650 000, varekostnader på kr 1 400 000, lønns-, rente- og husleigekostnadene vart slik dei budsjetterte, andre driftskostnader vart kr 85 000, og marknadsføringskostnadene vart kr 30 000.

  1. Før inn tala frå budsjett og rekneskap, og finn avvik.
  2. Kommenter avvika.
  3. Kva vart resultatet?