Oppgave 7.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er sikringsobjekta ved godstransport? Sikringsobjekta er sjølve godset. Nokre gonger er det enkeltpakker som skal sikrast, andre gonger kan godset vere ein heil pall og andre gonger igjen ein heil konteinar. Kva som skal sikrast, går fram av fraktbrevet eller fraktbreva som sjåføren har med seg.
  2. Bruk internett og finn fram til dei forholdsreglane ein transportør som tek imot tennvæske for griller, må ta. Tips: Søk på «Sikkerhetsdatablad tennvæske», og sjå under avsnitta 7, 8 og 14.
  3. Må ein logistikkoperatør som arbeider på eit lager og bruker truck, kjenne til spesielle trafikkreglar for bruken? Det er krav at der det blir brukt mobilt arbeidsutstyr i eit arbeidsområde, skal det alltid liggje føre trafikkreglar som arbeidstakarane må halde seg til.
  4. Kva må ein logistikkoperatør gjere før han tek i bruk ein truck? Truckføraren må kontrollere trucken etter ei sjekkliste som skal signerast. Det er ikkje eit lovkrav, men dersom ei ulykke skulle skje ved bruk av truck, må arbeidsgivaren kunne bevise at det ligg føre rutinar for forsvarleg bruk som den tilsette har fått opplæring i og følgjer. Derfor har seriøse arbeidsgivarar eiga rutineforklaring som han følgjer opp for å sikre dette risikopunktet.
  5. Kva betyr det at ein transportør har undersøkingsplikt når han tek på seg eit transportoppdrag? At ein transportør har undersøkingsplikt når han tek på seg eit transportoppdrag, betyr at transportøren skal kontrollere at opplysningane i fraktbrevet stemmer.
  6. Kva reknar vi som farleg gods? Farleg gods er varer som under transport kan føre til auka risiko for skade på liv, helse, miljø og materielle verdiar.
  7. Kva plikter har ein som skal sende farleg gods? Den som leverer farleg gods til ein transportør, skal gi transportøren opplysningar om det farlege godset og dei varsemdsreglane som gjeld.
  8. Kva er eit fraktbrev? Eit fraktbrev er eit dokument som følgjer ei varesending. Fraktbrevet inneheld mellom anna opplysningar om godset.
  9. Kva må ein transportør som tek imot gods med synleg skadd emballasje, gjere? For å unngå å bli erstatningspliktig for transportskade må transportøren ta atterhald mot dette ved å skrive ein merknad i fraktbrevet. Merknaden skal skrivast i merknadsfeltet på fraktbrevet, sjå læreboka side 117.
  10. Kva kallar vi regelverket for transport av farleg gods på veg/bane? Regelverket for transport av farleg gods kallar vi ADR/RID-regelverket. ADR gjeld for vegtransport og RID for jernbanetransport. Regelverka er nesten identiske.
  11. Kva heiter lova der vi finn krav om sikring av last ved vegtransport? Krav om sikring av last ved vegtransport finn vi i vegtrafikklova. Den viktigaste regelen finn vi i § 23 «Ansvar for kjøretøyets stand m.m.». Før køyringa tek til, skal føraren forsikre seg om at køyretøyet er i forsvarleg stand og etter forskriftene. Han skal sørgje for at køyretøyet også under bruk er i forsvarleg stand og forsvarleg lasta.
  12. Gi døme på personleg verneutstyr som medarbeidarar på lager og terminalar normalt er pålagde å bruke. Vernesko er obligatorisk. I tillegg kan det vere aktuelt med hjelm, vernebriller, hanskar og høyrslevern.
  13. Kva farge har forbodsskilt, fareskilt, påbodsskilt og nødskilt på eit grossistlager? Forbodsskilta er raude, fareskilta er gule, påbodsskilta er blå, og nødskilta er grøne.