Aktivitet 5.4.24 – Salgsbudsjett, innbetalingsbudsjett, varekjøpsbudsjett, utbetalingsbudsbudsjett og likviditetsbudsjett

Fordjuping

Ei bedrift reknar med dette salet utan mva. i tredje kvartal:

  • juli 300 000
  • august 380 000
  • september 410 000

Salet i mai og juni var kr 400 000 og kr 390 000. 40 % av salet er kontant. Resten er kredittsal per 15 dagar.

  1. Set opp salsbudsjett.
  2. Set opp innbetalingsbudsjett frå kundar.

Bedrifta meiner dei må ha ei bruttoforteneste på 40 %. Dei reknar med ein nedgang i behaldninga i juli og september på kr 4 000 og ein auke i behaldninga i august på kr 3 500. Alt er kredittkjøp per 15 dagar.

  1. Set opp varekjøpsbudsjett.
  2. Set opp utbetalingsbudsjett til leverandørar.

Kvar månad betaler dei husleiga med kr 40 000, straumrekningane utgjer kr 22 500 kvar månad, renter og avdrag betaler dei kvar månad med kr 14 500.

Kontorkostnader er på 40 000 kvar månad. Investering i ny varebil utgjer kr 120 000 og kjem i august.

Per 1. juli hadde bedrifta ei pengebehaldning på kr 7 000.

  1. Set opp likviditetsbudsjettet for bedrifta.
  2. Kva synest du om økonomien i bedrifta?