Omgrepstesting
Personleg kommunikasjon er kommunikasjon med bruk av personlege kommunikasjonskanalar. Ein salssamtale i ein butikk er eit døme på personleg marknadskommunikasjon. Ved ikkje-personleg marknadskommunikasjon bruker vi upersonlege kommunikasjonskanalar, til dømes annonsar, plakatar og TV-reklame.
Vi lever i ei tid da det vi har kalla upersonleg reklame, blir meir persontilpassa før, under og etter kjøp ved bruk av kunstig intelligens, mikrodata, personlege appar og annan teknologi. Dette er mogleg fordi forbrukarane gir frå seg mykje personinformasjon når dei søkjer på nettet.