Aktivitet 7.3.6 – Repetisjon rekruttering

Repetisjon

I dette kapittelet har du lese om at Matboksen hadde behov for fleire tilsette. Du skal hjelpe Matboksen UB med rekrutteringsprosessen.

  1. Kva eigenskapar bør dei sjå etter hos den/dei som skal jobbe
    1. i sals- og marknadsføringsavdelinga?
    2. i avdelinga for innkjøp- og logistikk?
    3. som personalsjef?
    4. som sekretær?
  2. Lag ein annonse der du gjer greie for stillingane. Du kan velje om du vil lage ein samla annonse, eller om du vil ha fire ulike. Hugs kriteria for kva ein god annonse skal innehalde.
  3. Førebu spørsmål du skal stille til kvar enkelt stilling under intervjuet.
  4. Skriv brev der du kallar inn til intervju. Du må sjølv finne på namn og adresser. Bruk NS 4129.
  5. Skriv brev til alle der du seier kva for ei stilling dei har fått. Bruk NS 4129.
  6. Utarbeid arbeidskontrakt til kvar enkelt som blir tilsett.