Problemløysing
Jonas og Mette slit med å halde orden på vedlegga til rekneskapen. Dei er trege med å fakturere for oppdrag dei har utført, og dei er ikkje så nøye med å betale rekningar ved forfall. E-postar og annan korrespondanse er også rotete og uoversiktleg.
Dei ber deg om hjelp.
- Presenter dei ulike klassifiseringssystema for Jonas og Mette. Lag ein presentasjon.
- Kom med forslag til korleis dei skal lage gode arkivrutinar for all korrespondanse, og korleis dei må bruke ulike klassifiseringssystem.
- Du ser også at dei treng ein instruks for korleis dei skal behandle inn- og utgåande post. Set eigne føresetnader dersom det er nødvendig, og lag instruksen.