Aktivitet 5.4.30 – Driftsbudsjett og bruttofortjeneste

Fordjuping

Storkiosken skal setje opp driftsbudsjettet for neste år. Dagleg leiar Eirik Nilsen tek utgangspunkt i rekneskapen i år. Han trur at desse endringane kjem til å skje:

  • auke av salsinntektene med 10 %
  • bruttofortenesta utgjer halvparten av ny salsinntekt
  • lønnsauke med 8 %
  • auke i husleiga med 3 %
  • auke i utgiftene til lys og varme med 2 %
  • reduserte rentekostnader med kr 2 000

Storkiosken – rekneskap 2018

Inntekter:

  • Salsinntekter kr 1 322 500

Kostnader:

  • Varekostnader kr 661 250
  • Lønn kr 180 500
  • Husleige kr 160 000
  • Lys og varme kr 21 800
  • Rekneskapsføring, revisor kr 25 000
  • Kontorrekvisita kr 6 180
  • Telefon kr 4 450
  • Diverse kostnader kr 3 950
  • Rentekostnader kr 24 000
  • Årsoverskot kr 235 370

  1. Set opp driftsbudsjettet for Storkiosken for 2019.
  2. Finn bruttofortenesta i kroner og prosent i rekneskapen.
  3. Korleis synest du den økonomiske situasjonen er for Storkiosken?