Aktivitet 4.3.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Vi har ulike typar produktkalkylar. Kva for slike kalkylar kjenner du til? Sjølvkostkalkylen, avansemetoden og påslagsmetoden.
  2. Forklar dei ulike produktkalkylane du kjenner til. Sjølvkostkalkylen tek med alle kostnadene, direkte og indirekte. Sjølvkost er summen av alle kostnadene eit produkt har «påført» bedrifta, det vil seie inntakskost + indirekte kostnader. Til slutt blir det lagt til forteneste for å komme fram til utsalsprisen utan meirverdiavgift.

    Avansemetoden er ei form for sjølvkostkalkyle der indirekte kostnader og forteneste er slått saman til eit tillegg vi kallar avanse.

    Påslagstal inneber at vi multipliserer inntakskost med ein faktor som ut frå erfaring dekkjer alle kostnader og gir ei ønskt forteneste. Påslagstalet dekkjer også meirverdiavgifta. Avansen blir rekna i prosent av inntakskost.
  3. Kva er avanse? Avanse = indirekte kostnader + forteneste

    Nokre elevar svarer kanskje også Avanse = salspris + direkte kostnader
  4. Kva er fordelen med avansemetoden? Fordelen med avansemetoden er at han er enkel å bruke.
  5. I nokre tilfelle bruker ei bedrift berre påslag når dei skal finne utsalsprisen på eit produkt. Forklar korleis du kjem fram til påslagstalet. Påslagstalet = Salspris med meirverdiavgift : inntakskost
  6. Når er det hensiktsmessig at ei bedrift bruker påslag? Påslagsmetoden er enkel og tidssparande og blir derfor mykje nytta i det daglege arbeidet i butikkar.