Oppgave 1.1.6 – Rush trampolinepark

Begrepstesting

I juni 2016 opna Noregs første trampolinepark, Rush, på Rosenholm i Oslo.

Det er eit innandørs aktivitetssenter for store og små. Her er det store trampolineområde der dei besøkjande kan perfeksjonere teknikken eller berre hoppe for moro skuld. Her kan ein kaste seg ut frå trampolinar og tårn, leike seg på kanonballbanar som er bygde opp av trampolinar, eller på ein gladiatorbom der det gjeld å få motstandaren ned i skumgropa, osv.

Nedanfor finn du nokre setningar om marknadsføringa til Rush. Avgjer kva for ord og omgrep som har med marknadsføring å gjere.

Rush fekk forretningsideen frå USA, der slike trampolineparkar er svært populære. Selskapet registrerte at det var eit stort behov for eit slikt produkt i Oslo, og bestemte seg for å dekkje dette behovet ved å etablere eit aktivitetssenter på Rosenholm søraust i Oslo. Etter at trampolineparken var ferdig, måtte selskapet fastsetje ein pris på kva tenesta skulle koste. I marknadskommunikasjonen nyttar dei nettsida www.rushnorway.no og ei Facebook-side. Dei har også fått ein del presseomtale fordi dette var den første trampolineparken i Noreg. Seinare har Rush oppretta trampolineparkar både i Stavanger, Bergen og Trondheim.

Marknadsføringsuttrykka er forretningsidé, behov, produkt, pris, teneste, marknadskommunikasjon og presseomtale.