Aktivitet 6.4.13 – Føring av bilag

Fordjuping

Ei bedrift har denne inngåande balansen:

BALANSE
Kontonr. Kontonamn Debet Kredit Kontonamn Kontonr.
Inventar 40 000 80 000 Eigenkapital
Kontantar 10 000
Bankinnskot 30 000
80 000 80 000

I tillegg bruker bedrifta desse kontoane: avgiftsfritt varesal, straum, husleige, andre driftskostnader.

Første ledige vedleggsnummer er 34. I mars månad har bedrifta desse vedlegga:

2.3. Betalt husleige for mars, bankgiro. – kr 5 000

7.3. Kjøpt kontorrekvisita, kontant. – kr 500

10.3. Kjøpt kontorpult, bankgiro. – kr 1 200

14.3. Betalt straum for mars, bankgiro. – kr 3 500

20.3. Selt varer, motteke kontantar. – kr 8 000

20.3. Overført frå kontantar til bank, folio. – kr 8 000

22.3. Kjøpt diverse rekvisita, bankgiro. – kr 1 400

30.3. Selt varer, motteke i banken. – kr 10 000