Aktivitet 2.1.9 – Ungdomsbedrift

Problemløysing

Du er med på å starte ei ungdomsbedrift saman med andre i klassen. De har organisert bedrifta, fordelt ansvar og utarbeidd ein forretningsidé. Før de går vidare, har de bestemt dykk for å gjennomføre ei marknadsundersøking.

  1. Kva bør denne undersøkinga gi svar på?
  2. Prøv å finne sterke sider, svakheiter, moglegheiter og truslar som de bør vurdere, og set desse inn i eit SOFT-analyseskjema.