Aktivitet 2.1.1 – Test deg selv

  1. Kva er meint med kapitalbehov? Med kapitalbehov meiner vi kor mykje pengar du treng for å komme i gang med verksemda.
  2. Kva er ein finansieringsplan? Ein finansieringsplan er ein plan for korleis verksemda skal dekkje kapitalbehovet.
  3. Kva er eigenkapital? Eigenkapital er dei pengane eigarane sjølv tilfører verksemda.
  4. Kva betyr det å finansiere? Å finansiere går ut på å skaffe pengar til å betale utgifter og investeringar med.
  5. Kva er ei investering? Ei investering er ei utgift, men som ein reknar med skal lønne seg på sikt.
    • For deg? Mobiltelefon, sykkel, moped …
    • For ein familie? Kunst, bil, bustad …
    • For ei verksemd? Bygningar, inventar, maskinar, bilar …
  6. Kva for postar set Matboksen UB opp når dei skal finne kapitalbehovet? Innkjøp av matboksar, registrering, marknadsføring, reiseutgifter og diverse kostnader.
  7. Kor stort kapitalbehov har dei? Kr 3 200,00
  8. Korleis planlegg Matboksen UB å dekkje kapitalbehovet ved oppstart? Ved å selje andelar eller partar og få sponsorinntekter.
  9. Kva for to kategoriar deler vi kapitalbehovet inn i? Anleggsmiddel og omløpsmiddel.
  10. Kan du forklare skilnaden på desse to kategoriane? Anleggsmiddel er eigedelar til varig eige og bruk, til dømes maskinar og utstyr. Omløpsmiddel er eigedelar som ikkje er meinte til varig eige eller bruk, til dømes varelager, kundefordringar, bankinnskot og kontantar.
  11. Kva er ei kundefordring? Det er pengar ei verksemd har uteståande hos kundar, dvs. pengar verksemda ventar på skal komme inn.
  12. Korleis skaffar Monica frå Zambia seg eigenkapital? Ved å selje høner.
  13. Kva hjelper Plan ungdommar med slik at dei kan komme ut av den ekstreme fattigdommen? Plan lærer ungdommane grunnleggjande økonomi, om å spare og å drive små føretak. Dei får låne pengar gjennom Plan.