Problemløysing
Jonas og Mette ønskjer å starte eiga verksemd der dei skal utføre tenester for andre. Dei har ein eigenkapital på kr 10 000 i kontantar. Balansekontoen deira ser slik ut:
Balanse |
Eigedelar |
Eigenkapital og gjeld |
Kontantar |
kr 10 000,00 |
kr 10 000,00 |
Eigenkapital |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
kr 10 000,00 |
kr 10 000,00 |
|
- 1.8. får dei i oppdrag å klippe plenen til ei eldre kvinne. Dei må først kjøpe grasklippar. Dei finn ein til kr 2 000 og betaler kontant. Set opp ny balanse per 1.8.
- Jonas og Mette får fleire oppdrag med å klippe plenar. Dei får til saman kr 3 000 i inntekt på dette i august. Set opp ny balanse per 31.8.
- I september vil dei ta på seg oppdrag med å lufte hundar. 1.9. kjøper dei eit hundebur til bilen som kostar kr 800. Set opp ny balanse per 1.9. Kva blir ny eigenkapital?
- Jonas og Mette vil førebu seg til vinteren og går til innkjøp av ein snøfresar til kr 12 000. Dei får eit lån av mora til Mette på kr 6 000. Korleis skal dette førast inn i balansen?