Aktivitet 5.1.4 – Personlig budsjett for Sofia

Fordjuping

Du skal lage eit budsjett for Sofia 17 år som framleis bur heime. Ho vil ha hjelp til å setje opp eit budsjett for januar, februar, mars, april og mai. Sofia vil gjerne reise på ferie til sommaren, men er ikkje sikker på kor mykje pengar ho vil klare å spare. Ho vil planleggje økonomien sin, men treng litt hjelp til det.

Sofia jobbar i butikk og har utbetalt fast per månad 1 500,00
Ho bor heime og får lommepengar kvar månad 500,00
Ho har mobil som ho betaler abonnement for per månad 299,00
Ho bruker lite pengar på klede og sko, omtrent per månad 500,00
Kafébesøk blir det litt for mykje av, synest ho, omtrent per månad 1 000,00
  1. Set opp forslag til budsjett for Sofia frå januar og til og med mai.
  2. Ho vil spare til ferieturen til sommaren. Kor mykje blir det att til sparing?
  3. Kva for utgifter vil du føreslå at Sofia endrar på for at det skal bli litt meir pengar att til ferie?