Aktivitet 10.2.5 – Økt lønnsomhet pga. miljøsatsing

Problemløysing

Det skjer mykje i restaurantbransjen når det gjeld miljøsatsing og berekraftige produkt. Vi vil du skal studere to britiske kjeder: Innocent og Leon. Den sistnemnde opnar restaurantar i Noreg og startar med hovudstaden.

Næringslivet er meir og meir oppteke av å utvikle berekraftige produkt og tenester og å bruke miljø, berekraft og samfunnsansvar i marknadsføring og kommunikasjon. Grunnen til ei berekraftig marknadsføring er delvis press frå sterke interessentar som aksjonærar, myndigheiter og ideelle organisasjonar, men også at berekraftige produkt og marknadsføring kan gi auka lønnsemd fordi bedrifta får eit betre omdømme, og fordi eit aukande segment av forbrukarar og kundar etterspør berekraft.

  1. Forklar korleis netthandel og digitalisering kan vere med på å skape eit betre miljø for folk flest.
  2. Dersom du jobbar i ei bedrift, forklar kva slags miljøtiltak de har gjennomført – eller kan gjennomføre – og korleis dette kan nyttast i marknadsføringa. Dersom du ikkje er i jobb, så ta utgangspunkt i Innocent eller Leon.