Aktivitet 8.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva meiner vi med berekraftig utvikling? Berekraftig utvikling er ei utvikling som møter behova generasjonane i dag har, utan å redusere moglegheitene for kommande generasjonar til å dekkje sine behov.
  2. Kva er formålet med den norske forureiningslova? Formålet med forureiningslova er å
    • verne det ytre miljøet mot forureining
    • redusere eksisterande forureining
    • redusere mengda av avfall
    • fremje ei betre behandling av avfall
  3. Kva for tre prinsipp ligg til grunn for den norske miljøpolitikken?
    • Forsvarleg avfallsbehandling
    • Forureinaren skal betale (kjeldeprinsippet)
    • Føre-var-prinsippet
  4. Når skal vi følgje føre-var-prinsippet? Dersom vi ikkje har nok sikker kunnskap om konsekvensane av aktivitetane våre, seier føre-var-prinsippet at vi skal la tvilen komme naturen og miljøet til gode.
  5. Kva kallar vi avfall frå offentlege og private verksemder, og kven har ansvar for å ta hand om slikt avfall? Vi kallar det næringsavfall. Private og offentlege verksemder har sjølve ansvar for å ta hand om avfallet sitt.
  6. Kva fraksjonar sorterer vi emballasjeavfall i? Vi sorterer emballasjeavfall i fraksjonane drikkekartong, plast, emballasjekartong, glas og metall.
  7. Kva kallar vi dei tre emballasjenivåa vi bruker for å emballere varer? Forbrukaremballasje, lagringsemballasje, transportemballasje.
  8. Kven har ansvar for å samle inn hushaldsavfall? Kommunane har ansvar for å samle inn hushaldsavfall.
  9. Forklar omgrepa
    • avfall
    • hushaldsavfall
    • næringsavfall
    • Avfall er gjenstandar eller stoff som nokon har kassert, har tenkt å kassere eller er forplikta til å kassere.
    • Med hushaldsavfall meiner vi alt avfall frå private hushald, også større gjenstandar som inventar og liknande.
    • Næringsavfall er avfall frå offentlege og private verksemder.
  10. Kva returselskap er involverte i retur av elektriske og elektroniske produkt, og kva gjer kvart av desse selskapa?
    • EE-registeret
    • RENAS
    • Elretur AS
    • ERP Norge AS
    • Eurovironment
    • EE-registeret er produsentregisteret for elektriske og elektroniske produkt. EE-registeret skal ha oversikt over alle produsentar og importørar av EE-produkt og informere om kva plikter avfallsforskrifta pålegg desse.
    • RENAS samlar inn elektrisk og elektronisk avfall og har innsamlingsansvaret til 3000 produsentar og importørar av EE-produkt.
    • Elretur AS er eit returselskap for innsamling, gjenvinning og miljørett handtering av elektrisk og elektronisk avfall. Elretur hentar EE-avfall frå hentestader i heile Norge frå forhandlarar av elektriske og elektroniske produkt og frå kommunale og interkommunale avfallsmottak.
    • ERP Norge AS jobbar med å sikre ein kostnadseffektiv gjenvinning av avfall frå elektrisk og elektronisk utstyr.
    • Eurovironment er eit returselskap for innsamling, gjenvinning og miljørett handtering av EE-avfall. Selskapet løyser produsentansvaret for dei som importerer og produserer elektriske og elektroniske produkt.
  11. Kven administrerer returordningane for plast, metall- og glasemballasje, drikkekartong og bølgjepapp? Grønt Punkt Norge AS administrerer returordningane for plast-, metall- og glasemballasje, emballasjekartong, drikkekartong og bølgjepapp. I tillegg driftar Grønt Punkt Norge AS innsamling og gjenvinning av plastemballasje, emballasjekartong og drikkekartong.
  12. Nemn dei viktigaste miljøulempene som tungtransport fører med seg. Forbrenning av fossilt brennstoff fører til utslepp av karbondioksid, som igjen bidreg til drivhuseffekten. Vegtransport fører også til andre miljøulemper, som frigjering av svevestøv, nitrogendioksid og karbonoksid. Alle desse stoffa er helsefarlege i for høge konsentrasjonar.
  13. Kva kan ein yrkessjåfør bidra med for å redusere forureining frå transport? Yrkessjåførar kan spare drivstoff og bidra til reduserte utslepp ved å praktisere ein drivstofføkonomisk køyrestil:
    • akselerere før stigning i bakkar
    • velje rett gir inn i bakkar slik at ein unngår nedgiring
    • unngå å akselerere nær bakketoppar, men heller vente og utnytte tyngdekrafta til å trille nedover
    • kople inn eit gir for å bremse i nedoverbakkar
    • kople giret i fri når bakken flatar ut for å få med farten i den vidare køyringa
    • halde køyretøyet i rørsle ved å sige sakte framover mot kryss og ikkje stoppe heilt
  14. Alle offentlege verksemder skal ha rutinar for ei forsvarleg avfallsbehandling, også skolen din. Finn ut korleis skolen handterer papiravfall, plast og litiumbatteri (finst til dømes i PC-ar og mobiltelefonar). Papiravfall og plast frå det offentlege er næringsavfall og skal handterast etter retningslinjer frå godkjende avfallsinnsamlarar. Litiumbatteri er farleg avfall og skal handterast etter reglane for farleg avfall. Du finn reglane ved å søkje på «Sikkerhetsdatablad litium».
  15. Ansvaret for transport i Noreg ligg hos Samferdselsdepartementet. Bruk internett og finn ut kva Samferdselsdepartementet har ansvar for i tillegg. Samferdselsdepartementet har det overordna ansvaret for rammevilkår for post- og televerksemda, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltninga og hamne- og sjøtransportpolitikken.
  16. Korleis blir returordninga for elektronisk og elektroteknisk utstyr finansiert? Når vi kjøper eit slikt produkt i ein butikk, må vi betale ei særskild miljøavgift som blir nytta til å finansiere returordninga for slike produkt.
  17. Kva formål skal kjeldeprinsippet bidra til å oppfylle? Kjeldeprinsippet skal bidra til at den som forureinar skal betale for forureininga.
  18. Kven betaler for at kommunen du bur i, hentar avfallet ditt? Alle huseigarar må betale kommunale avgifter der kostnadene til avfallshenting og behandling inngår. Om du leiger, vil slike kostnader inngå i husleiga du betaler.
  19. Mange gonger blir brukbare produkt kasta som avfall. Kva tiltak meiner du vi kan setje i verk for å unngå at fullt brukbare produkt endar opp som avfall? Her vil det vere snakk om gjenbruk, ombruk og vidarebruk. Eit alternativ er å leggje slike produkt ut for sal på nettet. Eit anna tiltak er å levere produkta til ein gjenbruksbutikk som sel fullt brukbare produkt til ein rimeleg pris. Eit tredje tiltak vil vere å spørje deg sjølv om du verkeleg treng å byte ut produktet, men kanskje utsetje det heile til seinare og bruke produktet vidare.