Problemløysing
Kluten UB kjøper fibervaskeklutar frå ein leverandør i nærleiken. Dei fire elevane i bedrifta er ivrige i tenesta og har klart å skaffe seg sponsor. Dei har ikkje oppretta konto i banken enno.
Ungdomsbedrifta har desse kontoane i rekneskapen sin: bankinnskot, eigenkapital (eigenkapital/partar), salsinntekter, sponsorinntekter, varekjøp og andre driftskostnader.
I desember månad kjem dei i gang med salet. Dei har desse vedlegga:
Vedlegg nr. | Dato | Tekst | Beløp |
1 | 4.12. | Kjøper fiberklutar. | 1 500 |
2 | 15.12. | Betaler bussutgifter til julemesse. | 200 |
3 | 15.12. | Får sponsorinntekter frå «Aktivisten AS». | 800 |
4 | 15.12. | Sel klutar på julemessa. | 2 100 |
5 | 19.12. | Står på stand på kjøpesenteret og sel klutar til jul. Bruker vipps, og pengane kjem inn på bank. | 750 |